Månadsbrev frå ordføraren

Valgurne (Reform AS) - Klikk for stort bilde Reform AS

Denne meldinga er ganske lett å skriva denne gongen. Den må sjølvsagt handla om valet, kommunevalet som finn stad den 14. september.

 

I eit demokrati er val særs viktig. Då har du som innbyggjar høve til å seia frå. Då avgjer du saman med alle dei andre veljarane kven som skal styra skuta dei neste fire åra. Sidan det er lokalval i år, er det samansetjinga av kommunestyret og Rogaland fylkesting du er med på å avgjera. Slik er valdagen viktig for deg som innbyggjar, veljar og borgar i eit demokrati. For oss politikarar har den endå ein viktig dimensjon som kan gjera valdagen ganske nervepirrande. Veljarane sin dom avgjer om vi får fortsetje eller ikkje. Slik er det og skal det vera i et demokrati.

 

Som partipolitikar kjem eg til å arbeida hardt i valkampen for at mitt parti og eg skal gjera det best mogleg. Politikarane tevlar no i ein politisk konkurranse, også kalla valkamp, der alle politikarar og alle parti kjempar for det dei trur på.

 

Som ordførar vil eg oppmoda innbyggjarane i Gjesdal kommune om å nytta røysteretten. Når du nyttar røysteretten, er du med på å avgjera framtida til kommunen du bur i. Samstundes vil eg nytta høvet til å takka alle avtroppande politikarar og tillitsvalde for vel utført, viktig samfunnsarbeid – og ynskje alle påtroppande lykke til i arbeidet som lokalpolitikarar.

 

Frode Fjeldsbø

ordførar

 

Publisert av Inger Marie Refsland Voll. Sist endret 08.09.2015
Fant du det du lette etter?
 
  • TelefonBilde 51 61 42 00
  • PostboksBilde Rettedalen 1, 4330 Ålgård
  • Besøksadr: Rettedalen 1
  • Komm.nr. 1122
  • Org.nr. 964 978 573
Login for redigering