Fakta om Gjesdal

Edlandshagen - Klikk for stort bildeEdlandshagen Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandskommune som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane ca. 30 km sørøst for Stavanger. Kommunen grensar til Forsand, Sandnes, Time, Bjerkreim og har og grense med Sirdal kommune i Vest-Agder. 

Ålgård sett fra luften - Klikk for stort bilde Geir Einarsen Flytebrygge i Perlå - Klikk for stort bilde Geir Einarsen

Mange har opplevd Månafossen, Rogalands høgaste foss, klatra i Gloppedalsura, Nord-Europas største steinur, besøkt Limagarden Bygdatun eller nytta dei mange fritids- og rekreasjonstilbuda som Gjesdal kommune kan by på.
Gjesdal ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, ca. 30 km sørøst for Stavanger i Rogaland fylke, og inviterer til rike naturopplevingar frå hei til hav !

Gjesdal er ein av landets største sauekommunar og langt på veg tufta på ull- og tekstilindustri, - noke værhovudet i kommunevåpenet symboliserar.


Kommunen er stor i utstrekning med sine 626 km2 i areal og har nyleg passert 11.800 innbyggjere.


Kommuneadministrasjonen held til på Ålgård, som er den største tettstaden i Gjesdal. Andre større tettstader i kommunen er Oltedal, Gilja og Dirdal. 

 

Klokkesøte er vår kommuneblomst


Kommunesenteret Ålgård ligg ved E-39, 15 km. frå Sandnes.
Ca. 75 % av innbyggjerne bur her.

Publisert av Rita Ravndal. Sist endret 16.12.2015 10:47
Fant du det du lette etter?
 
  • TelefonBilde 51 61 42 00
  • PostboksBilde Rettedalen 1, 4330 Ålgård
  • Besøksadr: Rettedalen 1
  • Komm.nr. 1122
  • Org.nr. 964 978 573
Login for redigering