Trafikkteljing

Ein konsentrert Sven Olav Jensen får med seg kvar bil! - Klikk for stort bildeEin konsentrert Sven Olav Jensen får med seg kvar bil!

 

 

Onsdag morgon mellom kl 0700-0800 var ordførar Frode Fjeldsbø,  rådmann Knut Underbakke, kommunalsjef Trine Eide Fossmark, prosjektleiar Sven-Olav Jensen og fagansvarleg plan og byggesaker Erling Gundersen på plass for å telje trafikken i tre sentrale kryss i Ålgård sentrum. Det var rundkøyringane ved Sandvikveien, Skokk bru og Statoil stasjonen.

 

Bakgrunnen for trafikkteljinga er kravet til å utføre ein trafikkanalyse i samband med kommuneplan og områdeplan for Midtfjell.  Rogaland fylkeskommune og Staten Vegvesen har hatt motsegn til kommuneplan og områdeplan for Midtfjell. Motsegna frå fylkeskommune,  til kommuneplanen,   blei ”rydda” av vegen på måndag og nå gjenstår berre motsegna frå Statens vegvesen som vi tar sikte på å ”rydde” bort i neste veke. Den som gjenstår omhandle områdeplanen for Midtfjell og den   ”intern trafikken” i Ålgård sentrum.

 

Her er Erling Gundersen og Frode Fjeldsbø ferdig med første økt. Erling er kald og klar for ein varm kopp kaffi. - Klikk for stort bildeHer er Erling Gundersen og Frode Fjeldsbø ferdig med første økt. Erling er kald og klar for ein varm kopp kaffi.

Gjesdal kommune er opptatt av at våre planar har berekraftige løysingar som ivaretar trafikkavviklinga på ein gode måte. Gjesdal er som kjent plassen det skjer og skal skje framover og då må vi vere sikre på at vi har planlagt godt nok i forhold til dette, seier prosjektleiar Sven Olav Jensen. Gjennomført trafikkanalyse,  som m.a. fylkeskommunen har brukt i sitt grunnlag,  byggjer på meir teoretiske føresetnadar,  basert på ”worst case” analysar,  viser at kapasiteten er godt i varetatt.  Statens Vegevesen er likevel opptatt av at det bør gjennomførast ei trafikkteljing for å stadfeste dette. Derfor gjennomfører vi ei slik teljing i dag.

 

 

Både ordførar og rådmann registrerte at det i morgontimen i dag forsvann fleire bilar enn det kom. Vi har sjølvsagt eit stort håp om at det snur snart, seier ein smilande ordførar.  Eg gler meg til teljinga i ettermiddag, då blir det  nok stadfeste at Gjesdal kommune er ein attraktiv bukommune, eg er rimeleg sikker på at det kjem fleire bilar til oss enn det som køyre frå oss, seier rådmannen som legg til at han er glad for den gode jobben medarbeidarane i Gjesdal kommune gjer for å både lage gode planar og ikkje minst realisere dei. I Gjesdal får vi gjort mykje med få og gode tilsette,  seier Knut Underbakke.

 Mykje etterarbeid gjenstår etter teljinga. På biletet Erling Gundersen, Knut Underbakke, Sven Olav Jensen og Trine Eide Fossmark - Klikk for stort bilde

Publisert av Rita Ravndal. Ansvarlig Knut Underbakke. Sist endret 06.05.2015
Fant du det du lette etter?
 
  • TelefonBilde 51 61 42 00
  • PostboksBilde Rettedalen 1, 4330 Ålgård
  • Besøksadr: Rettedalen 1
  • Komm.nr. 1122
  • Org.nr. 964 978 573
Login for redigering